Annonse

Ropstad erkjenner «store utfordringar» i barnevernet

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad erkjenner at ikkje alt er som det skal i barnevernet, men viser til at det no blir tatt grep for å betre situasjonen.

Annonse

- Det er store utfordringar. Vi jobbar kontinuerleg på mange område, nettopp fordi vi ønsker at barnevernet skal vere best mogleg, seier Ropstad (KrF) til NTB.

Han møtte torsdag i Stortinget for å svare på ein interpellasjon frå Kristin Ørmen Johnsen (H) om situasjonen. Ho ville vite kva statsråden vil gjere for å styrke barnevernet og gjere tenesta best mogleg i stand til å gi støtte til familiar som treng hjelp.

Ropstad trekte fram ei «historisk kompetansesatsing», styrking av moglegheita kommunane hadde til førebygging og tidleg innsats og gjennomgang av institusjonstilbodet som grep regjeringa no tar.

Mykje kritikk

I barnevernsdebatten blir bruk av einetiltak, mangel på fosterheimar, barn som ikkje får rett helsehjelp, systemsvikt og tilsette under hardt press trekt fram.

- Men vi skal likevel ikkje gløyme at mykje går i rett retning. Kapasiteten er styrkt. Etterlevinga av sentrale lovverk har vorte betydeleg betre dei siste åra, sa Ropstad i Stortinget.

Eit anna viktig bakteppe for debatten er at Noreg er dømt i to og frikjent i to barnevernssaker i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Totalt er 34 saker kommuniserte mot Noreg.

- Eg tar dommane på største alvor. Vi jobbar grundig med dei for å ta lærdom av dei. Ikkje minst jobbar vi med ei ny barnevernslov, der det å vektlegge menneskerettane vil stå veldig sentralt, seier Ropstad.

Han viser til at mykje kjem til å skje innan barnevernet dei neste to åra, og til at det i 2021 kjem ei ny barnevernslov.

Ikkje forklaring

Sist veke kom det fram at Ropstad ikkje vil rette seg etter ønsket til opposisjonen om å komme til Stortinget for å gjere greie for situasjonen i barnevernet.

Barne- og familieministeren viser til at barnevern vart drøfta i Stortinget både sist veke og i debatten på torsdag. Det vil òg bli ein ny runde i samband med budsjettbehandlinga til familie- og kulturkomiteen.

- Eg snakkar meir enn gjerne om barnevern til Stortinget, men eg meiner det blir gjort godt på denne måten og at det ikkje trengst ei eiga forklaring, seier Ropstad torsdag.

(©NPK)

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad måtte svare på kritiske spørsmål om situasjonen i barnevernet i Stortinget torsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix