Annonse

Ropstad: Største distriktsløftet i nyare tid

KrF kallar regionreforma det største distriktsløftet i nyare tid. - Vi flyttar makt og styresmakt nærmare folk, seier Kjell Ingolf Ropstad.

- Vi i KrF er veldig glade for at det er semje om ei betydeleg oppgåveoverføring og at strukturen som det gamle og det noverande Stortinget har vedtatt no står fast, seier Ropstad under ein pressekonferanse måndag der semja om regionreforma blei lagt fram.

Ropstad kallar semja som ein siger for KrF.

- Vi flyttar makt frå sentralt hald til folkevalde regionar, til politikarar som kan kastast ved neste val om dei ikkje gjer jobben sin, seier han.

(©NPK)

KrF og regjeringspartia blei samde om oppgåvene i regionreforma på Stortinget måndag.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix