Annonse

Rosenborg har bestilt ekstern evaluering av 2018-sesongen

To forskarar ved NTNU har fått i oppdrag å evaluere korleis fotballklubben Rosenborg har fungert i 2018.

Annonse

Evalueringa omfattar spelinga, det sportslege støtteapparatet og administrasjonen, i tillegg til samspelet mellom desse gruppene, skriv NTNU samfunnsforsking i ei pressemelding der det òg blir opplyst at RBK sjølv har bestilt evalueringa.

Blant temaa som blir tekne opp er kultur, kommunikasjon, samarbeid og leiing. Deltakarane får òg gi vurderinga si av prestasjonane i 2018 og korleis dei ser på neste sesong.

- Det handlar om alt. Om leiing. Om til dømes kommunikasjon, kultur og verdiar. Vi skal vere grundige, uttaler sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye i RBK til Adresseavisen.

NTNU-forskarane Martin Rasmussen og Per Morten Schiefloe vil samle inn data til evalueringa gjennom intervju og spørjeskjema. Rapporten frå evalueringa skal vere ferdig i januar.

Rosenborg har lagt bak seg ein sesong med sportsleg suksess i form av serie- og cupgull, men òg med sparking av trenar Kåre Ingebrigtsen, misnøye i spelargruppa og utanomsportsleg oppstyr rundt den valdsdømte spissen Nicklas Bendtner.

(©NPK)

RBK-leiarane Ivar Koteng, Tove Moe Dyrhaug og Stig Inge Bjørnebye får i januar ein evalueringsrapport om sesongen 2018.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix