Rotevatn vurderer å flytte omstridd ulv

Flokane den genetisk viktige ulven i Innlandet har skapt, kan løysast ved å flytte dyret endå ein gong, ifølgje klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Stortinget hastebehandla fredag eit forslag frå Senterpartiet om å felle den såkalla Elgå-ulven og stoppe alle utvidingar av ulvesona. Den mykje omtalte ulven har vandra ut av sona.

– Eg ser problemstillinga når du får ei fast reviretablering med potensial for ei såkalla fast buffersone. Det er grunnen til at eg har fått ei oppmoding og vurderer ei mogleg flytting av dei ulvane det her er snakk om, sa Rotevatn i Stortinget.

Han avviste samtidig at det er snakk om ei utviding av ulvesona.

– Det er det Stortinget som har mandat til å gjere, sa statsråden.

Det blir votering i saka måndag, og det er uklart kva som blir utfallet i saka.

Genetisk viktig

Den finsk-russiske ulven blir karakterisert som genetisk viktig for ulvestammen og kan på sikt betre tilstanden for den sørskandinaviske bestanden, ifølgje Miljødirektoratet.

Men sidan ulven har gått utanfor ulvesona, risikerer han å bli skoten under den ordinære lisensjakta.

Ulven har vandra inn og ut av ulvesona og har tidlegare vorte bedøvd og flogen inn igjen i ulvesona i Kongsvinger etter at han drap fleire reinsdyr i Engerdal.

Hard kritikk

Sp-forslaget bryt med all fornuft, meiner tidlegare klima- og miljøminister for Venstre Ola Elvestuen. Han viser til at det er rovviltnemndene på Austlandet som har gått inn for å utvide ulvesona for å verne ulven.

– Elgå-ulven er genetisk viktig, og han skal skjermast. Viss denne ulven blir felt, er det større fare for at heile overlevinga til ulvebestanden blir trua, seier Elvestuen.

Senterpartiet har også fått med seg Framstegspartiet på eit laust forslag om å stoppe utvidinga av ulvesona med mellombelse verne- eller buffersoner, allereie 15. desember.

Ap med eige forslag

Sp og Frp har likevel førebels ikkje klart å samordne seg med Ap i saka. Saman har dei tre partia fleirtal i Stortinget. Ap har i staden fremja sitt eige forslag:

– Stortinget ber regjeringa omgåande og seinast innan 15. desember 2020 følgje opp ei tydeleg soneforvaltning av ulv ved ikkje å tillate at område utanfor ulvesona blir utelukka frå lisensfelling, så lenge Stortingets bestandsmål for ulv er oppnådd, seier Nils Kristen Sandtrøen (Ap) i næringskomiteen.

Sp og Frp meiner Ap-forslaget er vagt og i praksis gir regjeringa fullmakt til å trenere ulvejakta.

– Det er ekstremt viktig at vi får eit klart vedtak som ikkje kan feiltolkast eller trenerast av regjeringa. Vi må vedta at buffersona skal opphevast, og setje ein dato, seier stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl (Sp) frå Hedmark.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier det kan vere aktuelt å flytte den genetisk viktige ulven i Innlandet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB