Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Rottefella fekk ikkje medhald i tingrett for at konkurrenten Amer Sports Norway har kopiert skibinding med sin Pro Link.
npk@npk.no
Publisert: 13.07.2016 kl 09:56
Rottefella stemna Amer for brot på marknadsføringslova, produktkopiering og brot på immaterielle rettar. Dommen fall i Oslo tingrett tysdag, opplyser Rottefella.
– Vi er både skuffa over, og usamd i, konklusjonen til retten. Vi meiner dommaren har vurdert fleire av forholda i saka feil, og kjem til å vurdere anke til lagmannsretten. Vi er førebudde på å ta denne saka gjennom fleire rettsinstansar om vi må, seier administrerande direktør Christer Johnsen i Rottefella.
Tingretten underkjente samtidig gyldigheita av to av Rottefellas patent i Noreg.
– Vi er skuffa, og usamd i rettsvurderinga av patenta. Vi har ein stor portefølje av patent både nasjonalt og internasjonalt, og skulle dommen bli ståande har den avgrensa effekt i Noreg. Våre patent i resten av verda vert ikkje påverka, seier Johnsen. (©NPK)