Rufsete EU-hatar klar til å leie britane ut av unionen

Kampen om å leie britane til eit liv i fridom utanfor EU går mot slutten. Alt tyder på at det blir Boris Johnson som får den oppgåva.

Etter å ha mislykkast fullstendig i det siste forsøket sitt på å få brexit igjennom i det britiske parlamentet, kunngjorde statsminister Theresa May i slutten av mai at ho overlèt roret til nokon andre.

Det vart starten på ein leiarkamp som har prega den politiske sommaren i Storbritannia, og som no er i innspurten. No kjempar Boris Johnson og utanriksminister Jeremy Hunt om å vinne stemmene til tory-medlemmene.

Tysdag blir det kunngjort om det er Johnson eller Hunt som blir ny partileiar i det konservative partiet og dermed òg statsminister.

Rundt 160.000 partimedlemmer skal bestemme korleis Storbritannias 66 millionar menneske tar avskjed med EU - regulert og med ein avtale på plass eller fullt brot og maksimal dramatikk.

Johnson favoritt

Tidlegare utanriksminister Boris Johnson segla tidleg opp som favoritt i kappløpet om å bli Mays etterfølgjar. Sjølv om han er ytst kontroversiell, både i stil og innhald, har han vore den klart mest populære kandidaten på grasrota i partiet.

I den siste avstemmingsrunden vart det klart at utanriksminister Jeremy Hunt vart mannen som skal prøve danke ut Johnsen. Men Hunt jobbar i motbakke. Målingar viser at utsikta til å skilje seg frå EU utan avtale ikkje har vore større sidan oktober 2017. Den mest dramatiske måten å forlate EU på, er dermed den mest sannsynlege.

Hunt er kjent som ein seig og uthaldande politikar som er mild og beherska i tonen, og som gradvis har styrkt posisjonen sin i regjeringa.

Rundt 160.000 medlemmer av det konservative partiet må innan måndag stemme over kven dei vil skal overta som partileiar. Leiarvalet til toryane blir avgjort i uravstemming blant partimedlemmene, og Hunt eller Johnson skal etter planen overta statsministerjobben onsdag 24. juli.

Brexitfloke

Den viktigaste oppgåva til den neste leiaren blir å få i hamn ein brexitprosess som har floka seg fullstendig for britane. EU-skilsmissa er utsett til 31. oktober, men EU-kommisjonens nye leiar, tyske Ursula von der Leyen, ser ikkje bort frå ei ny utsetjing viss det kan sikre ein mjukare avskjed.

Johnson har sidan før brexit-avstemminga for tre år sidan markert seg som ein innbiten forkjempar for å forlate EU, koste kva det koste vil. Han vil ut av unionen 31. oktober, ikkje ein dag seinare, sjølv om det skulle innebere ein såkalla «hard brexit», utan nokon avtale med EU.

Hunt er òg open for å forlate EU utan nokon avtale, men ikkje viss det er «utsikter til en bedre avtale». Han har nekta å binde seg til ein bestemt dato, men trur det kan skje innan utgangen av året.

(©NPK)

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt kan bli det konservative partiets nye leiar etter Theresa May. Da blir han også statsminister.
Foto: AP/NTB scanpix

Tidlegare London-ordførar og utanriksminister Boris Johnson er favoritt til å ta over som leiar for det konservative partiet etter Theresa May. I så fall blir han automatisk statsminister.
Foto: AP/NTB scanpix