Rundt 100 personar isolerte etter jordskred i Flatanger i Trøndelag

Rundt 100 personar er isolerte etter at det gjekk eit jordskred over ein fylkesveg i Flatanger i Trøndelag fredag ettermiddag.

Jordskredet gjekk over fylkesveg 6928 i Flatanger i Trøndelag fredag ettermiddag. Ingen personar er skadde som følgje av skredet, skriv NRK.

Politiet melde først om skredet klokka 13.40.

Rådmann i Flatanger kommune Rune Strøm fortel at han sjølv ikkje har vore fysisk til stades ved raset, men har sett omfanget via bilete og video.

– Det er eit ganske heftig ras. Vi har ikkje full oversikt enno. Vi veit ikkje om raset har teke vegen, seier han til NRK.

Svein Hågensen, utrykkingsleiar ved Namsos brannvesen, anslår overfor Adresseavisen at skredet er 300 meter langt og 40 breitt.

Vegen kjem ikkje til å bli opna igjen i løpet av fredagen, opplyser vegtrafikksentralen.

(©NPK)

Foto: Kjetil Langeng / NTB

Fylkesvegen er dekt av store jordmassar. Foto: Kjetil Langeng / NTB