Annonse

Russisk antidopingbyrå opnar sak mot 33 utøvarar

33 russiske utøvarar frå fleire ulike idrettar blir etterforska for dopingbruk. Utøvarane skal ha fått forbodne middel frå ein lege.

Annonse

Det er det russiske antidopingbyrået RUSADA som måndag fortel at byrået planlegg å opne sak mot dei aktuelle utøvarane. 19 av dei skal vere friidrettsutøvarar, medan fem er syklistar.

Ein boksar og ein gymnast skal òg vere blant dei involverte.

Utøvarane er ikkje namngitte, medan RUSADAs nestkommanderande Margarita Pakhnotskaja seier til det amerikanske nyheitsbyrået AP at fleire av dei er landslagsutøvarar.

Utøvarane, som er mistenkte for å ha fått injeksjonar av ulike substansar, høyrer alle til eit idrettsakademi i Tsjuvasia i det sentrale Russland.

RUSADA opplyser at ein tidlegare har prøvd å få den aktuelle idrettslegen dømd for å hjelpe utøvarar med å dope seg. Saka vart likevel avvist fordi det ikkje fanst nok bevis for at legen hadde opptredd i strid med lova.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix