Annonse

Russisk skodespelar lauslaten etter protestbølgje

Ein russisk domstol har lauslate Pavel Ustinov, ein skodespelar som nyleg vart dømd til tre og eit halvt års fengsel i samband med ein demonstrasjon.

Dommen mot Ustinov har ført til protestar frå ei rekke russiske kulturpersonlegdommar, samtidig som folk har demonstrert utanfor fengselet i Moskva. Også politikarar i regjeringspartiet Sameint Russland har kritisert dommen.

Fredag vedtok ein russisk domstol å lauslate 23-åringen på vilkår av at han ikkje forlèt Moskva, melder statskontrollerte medium.

Ustinov, som er ein relativt ukjent skodespelar, vart dømt for å ha angripe ein politimann då han prøvde å motsetje seg arrestasjon under ein demonstrasjon.

Video frå arrestasjonen ser ikkje ut til å vise noko angrep, og Ustinov har forklart at han ikkje deltok i protesten. Ein nettbasert kampanje som krev at han blir lauslaten, har fått nesten 150.000 underskrifter.

Saka mot Ustinov skal vurderast på nytt torsdag neste veke.

(©NPK)

Skodespelaren Pavel Ustinov vart nyleg dømt til tre og eit halvt års fengsel for kroppsskade mot ein politimann under ein demonstrasjon i slutten av juli. No blir han lauslaten. Her blir han vist på ein TV-skjerm medan han høyrer orskurden bli lesen opp. Ankesaka skal behandlast torsdag neste veke. Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB scanpix