Russiske medium: Mange arresterte i protestar i Georgia

Styresmaktene i Georgia opplyser at 66 demonstrantar vart arresterte i protestane tysdag mot eit kontroversielt lovforslag, ifølgje russiske medium.

Over 50 politifolk vart skadde i samanstøytar med demonstrantar i hovudstaden Tbilisi, ifølgje det georgiske innanriksdepartementet, som blir sitert av russiske nyheitsbyrå.

Det omstridde lovforslaget pålegg medium og organisasjonar som får meir enn 20 prosent av finansieringa si frå utlandet å registrere seg som «agentar under utanlandsk påverknad».

Kritikarar meiner dette vil innskrenke presse- og organisasjonsfridommen. Også EU og USA har reagert negativt på forslaget.

(©NPK)

Politiet brukte vasskanonar og tåregass mot demonstrantar utanfor nasjonalforsamlinga i Georgias hovudstad Tbilisi tysdag. Foto: AP / NTB