Annonse

Russland hyllar avtale mellom USA og Taliban

Russland lovpriser fredag avtalen mellom USA og Taliban og kallar det ei viktig hending på vegen mot fred i Afghanistan.

Annonse

Moskvas Afghanistan-utsending Zamir Kabulov seier til det statlege nyheitsbyrået Ria Novosti at han vil delta i seremonien 29. februar, der avtalen skal bli skriven under, om han blir spurd.

– Dette vil vere ei viktig hending for fredsprosessen i Afghanistan, understrekar han.

USA og Taliban seier dei vil skrive under avtalen om ei vekelang delvis våpenkvile blir overhalden. I så fall vil det kunne vere eit vendepunkt i konflikten i landet, som har vart i over 18 år. Det er venta at USA kan trekke ut rundt halvparten av dei 12.000 til 13.000 soldatane landet har utstasjonert i Afghanistan.

Kabulov seier Russland håper at ikkje noko vil stå i vegen for avtalen, og oppmodar alle partane til å opne dialog så snart han er inngått.

– Det ordentlege arbeidet startar etterpå, seier Kabulov.

(©NPK)