Annonse

Russland slit med kraftig styrkt rubel

Russland vurderer å lette på valutarestriksjonane etter at rubelen har vorte så sterk at det skaper problem for statsbudsjettet og eksportbedriftene.

For å jekke rubelen ned igjen, diskuterer ein eit forslag om å redusere delen av eksportinntektene som må vekslast til rublar frå 80 til 50 prosent. Det kan skje allereie denne veka, skriv Bloomberg og viser til to anonyme kjelder.

Då den russiske offensiven i Ukraina starta i februar, tett følgt av omfattande vestlege sanksjonar, stupte den russiske valutaen. Sentralbanken svarte med kraftig renteauke og streng kapitalkontroll. Det har bidrege til at kursen no ligg 30 prosent høgare enn før krigen, skriv Bloomberg.

– Frislepp vil gi kraftig fall

Medan sanksjonane har bremsa importen kraftig, har kapitalkontrollen ført til bråstopp i etterspurnaden etter utanlandsk valuta. I tillegg har oljeprisen stige, noko som gir auka valutainntekter for den russiske staten.

Måndag styrkte rubelen seg med 4 prosent til, men det er ikkje marknaden som set kursen, understrekar økonom Tatiana Orlova i Oxford Economics. Ho seier at dersom kapitalkontrollen blir heilt droppa, vil rubelen falle til ein kurs på 70–80 mot dollaren. Dagens kurs er snautt 58 rublar per dollar.

– Sterk rubel gir større underskot

For den russiske staten kan den sterke rubelen bli ei tung bør sidan inntektene frå energieksporten kjem i dollar, medan utgiftene til staten skal betalast i rublar.

– Jo sterkare rubel, desto større underskot. Det gjer det vanskelegare for eksportørane, som får auka kostnader, men lågare inntekter. Dersom dette held fram, til dømes i eit halvt år, kan det blir ganske utriveleg, seier professor Evgenij Kogan ved handelshøgskulen i Moskva.

Verken finansdepartementet eller sentralbanken i Russland ønskjer å kommentere Bloombergs opplysningar om lettar i kapitalkontrollen.

(©NPK)