Russland sparkar alle sine dopingtestarar

Russlands antidopingbyrå (RUSADA) har kvitta seg med alle dopingkontrollørar som var knytte til det tidlegare testregimet.

Russlands antidopingbyrå (RUSADA) har kvitta seg med alle dopingkontrollørar som var knytte til det tidlegare testregimet.

Dette er gjort som ein del av oppryddinga etter skuldingane om statsstøtta doping.

- RUSADA er gått igjennom ei full opprydding, og 90 prosent av staben er bytte ut. Dette gjeld alle dopingkontrollørar, seier RUSADA-sjef Jurij Ganus.

Ganus seier at internasjonale ekspertar tilrådd av Verdsantidopingbyrået (WADA) har bidratt sterkt til å bygge opp igjen det han kallar «nye» RUSADA.

RUSADA vart tatt inn i WADA-varmen igjen i september 2018 etter at WADA fekk forsikringar til at dei ville få tilgang til alt tilgjengeleg materiale og prøvar samla inn av det kontroversielle laboratoriet i Moskva.

Då WADA kom til Moskva i desember, viste seg at dei ikkje fekk tilgang grunna manglande sertifisering.

Til slutt fekk WADA tilgang, og i januar kom stadfestinga av at dei hadde sikra seg materiale og prøvane dei hadde etterlyst.

(©NPK)

Denne russiske kappgjengaren, Aleksandr Ivanov, vart strippa for VM-gullet sitt på 20 kilometer frå 2013 for nokre dagar sidan. Foto: Aleksandr Zemljanitsjenko / AP / NTB scanpix.