Møre

Russland stadfestar radioaktivitet på militærbase nær norskegrensa

Russland stadfestar at den radioaktive strålinga var opptil 16 gonger høgare enn normalt etter ei ulykke på ein marinebase om lag 70 mil unna grensa til Noreg.

Ulykka skjedde på ein militærbase ikkje langt unna Arkhangelsk torsdag førre veke. Arkhangelsk ligg ved Kvitsjøen - om lag 70 mil unna grensa til Noreg. Dette er kortare enn avstanden frå Kirkenes til Mo i Rana.

- Det er ikkje fare for menneske eller miljø her i Noreg, roar beredskapssjef Astrid Liland i Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) overfor NTB.

I etterkant av ulykka har direktoratet sett i gang meir avanserte målingar, men har så langt ikkje registrert auka nivå her til lands.

Høgare nivå

Fem personar frå atomenergibyrået Rosatom i Russland døydde i ulykka, som skjedde under testing av ein ny type rakettmotor som inneheld radioaktive stoff. Tre vart skadde.

- På seks av dei åtte målepunkta i Severodvinsk steig den radioaktive strålinga mellom 4 og 16 gonger over normalt nivå, stadfesta det russiske føderale miljøovervakingssenteret Rosjydromet tysdag, ifølgje DPA.

- Ikkje helseskadeleg

Liland i Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) forklarer at russiske styresmakter tidlegare har opplyst at nivået kan ha vore opptil 20 gonger høgare enn normalt.

- Men dette var ein veldig kortvarig auke, på rundt ein halvtime. Deretter fall nivået ned til vanleg bakgrunnsstråling, slik vi har forstått det, seier ho.

Direktoratet har vore inne og henta data frå målestasjonar i Arkhangelsk-regionen i etterkant av ulykka. Desse viser berre gjennomsnittlege døgnverdiar av strålingsnivået, og det har ikkje vore mogleg å finne spor etter ulykka på målingane.

- Sjølv om strålingsnivåa låg opptil 20 gonger høgare enn normalt i ein periode, er dette likevel 50 gonger lågare enn det nivået der ein tenkjer at det byrjar å bli helseskadeleg. Sjølv om det var ein auke, har det ikkje vore helseskadeleg for dei som bur der, seier Liland.

Direktoratet held fram dei utvida målingane sine og vil komme med informasjon dersom dei skulle sjå spor etter radioaktive partiklar i Noreg som følgje av ulykka.

Kommisjon undersøkjer

Ulykka skjedde torsdag førre veke.

Det russiske forsvarsdepartementet forsikra at ingen radioaktive stoff hadde sloppe ut. Men lokale styresmakter i byen Severodvinsk, nær marinebasen, opplyste at det vart målt auka radioaktiv stråling i ein kort periode etter ulykka, ifølgje AFP.

Ein statleg kommisjon er i gang med å undersøkje kva som gjekk gale.

Det er ukjent kva slags rakett forskarane jobba med å utvikle. Amerikanske ekspertar og russiske medium meiner det kan vere snakk om den nye atomdrivne kryssarraketten «Burevestnik».

Trump: - Lærer mykje

Amerikanarane sin president Donald Trump sa måndag at USA lærer mykje frå ulykka.

- USA lærer mykje frå raketteksplosjonen i Russland. Vi har liknande, men meir avansert teknologi, sa han.

Fråsegna vart raskt tilbakevist av Joe Cirincione, ein amerikansk ekspert på kjernefysiske våpen.

- Dette er underleg. VI har ikkje noko program for atomdrivne kryssarrakettar, sa han.

- Vi prøvde på 1960-talet, men det var galskap, for vanskeleg, for vondsinna sjølv i dei galne kald krig-åra, sa han.

(©NPK)

Fleire tusen menneske var til stades da fem russiske atomforskarar vart gravlagt i byen Sarov måndag. Foto: Russian State Atomic Energy Corporation ROSATOM via AP / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...