Annonse

Russlands første flytande atomkraftverk på veg austover

Russlands første flytande atomkraftverk la fredag ut frå hamna i Murmansk og er no på veg til Tsjukotka heilt nordaust i landet. Miljøvernarar fryktar ulykke.

Atomkraftverket, som har fått namnet Akademik Lomonosov, er ei 140 meter lang plattform med to atomreaktorar. Dei tre neste vekene skal plattforma tauast over 490 mil før ho endar opp i Pevek i Aust-Sibir, Russlands nordlegaste by.

Formålet er at kraftverket skal forsyne det avsidesliggande området med kraft etter at eit gammalt atomkraftverk i regionen har vorte nedlagt.

Miljøvernarar meiner prosjektet er svært risikabelt sidan ei ulykke kan føre til svært store skadar i dei sårbare havområda i Arktis.

Russiske styresmakter avviser bekymringane og insisterer på at det flytande atomkraftverket er trygt.

(©NPK)

Det flytande atomkraftverket fotografert då det vart taua ut frå skipsverftet i St. Petersburg i april. Arkivfoto: Dmitrij Lovetskij / AP / NTB scanpix