Annonse

Ruud droppar Tokyo-OL: – Fokuset mitt vil vere deltaking i 2024

Casper Ruud reiser ikkje til Tokyo-OL i juli. Noregs tennisess seier han håpar å vere på plass under dei neste leikane i Paris i 2024.

Annonse

Snarøya-guten opplyser om avgjerda på Twitter.

– Etter French Open har det vore nokre dagar i tenkjeboksen, og etter nøye vurdering med teamet mitt har vi komme fram til at det ikkje blir OL i Tokyo på meg, skriv han i meldinga.

– Eg er framleis ganske ung og både trur og håpar eg kan få delteke i fleire OL i karrieren min. Fokuset mitt vil vere deltaking i 2024 i Paris. Eg skal prøve å ta nye steg dei neste åra slik at eg kan vere med og kjempe om medaljane der, heiter det vidare frå Ruud.

Grasturnering neste

Den norske tennisstjerna rauk for Alejandro Davidovich Fokina i tredje runde i Roland-Garros-turneringa i Paris førre veke. Måndag enda han likevel opp med karrierebeste på ATP-rankinga med ein 15.-plass.

Ruud gjekk òg til tredje runde i av Grand Slam-turneringa i Paris i fjor, og dermed tapte han ingen rankingspoeng på exiten i år.

Neste oppgåve for 22-åringen blir ei grasturnering på Mallorca. Den blir spelt frå og med neste veke. Den inngår i førebuingane til Wimbledon-turneringa, som startar om eit par veker, sesongens tredje Grand Slam-turnering.

Den olympiske tennisturneringa går mellom 24. juli og 1. august. I den perioden er Ruud påmeldt til å konkurrere i sveitsiske Gstaad og austerrikske Kitzbühel. Før det skal han òg etter planen spele i Båstad i Sverige.

Alle dei tre turneringane blir spelte på grus. Det er Ruuds favorittunderlag.

Ikkje skyhøg status

Tennisprofilen har heile tida halde moglegheita open for at planane kunne bli endra.

– Eg er påmeld til desse turneringane, men vi får sjå kva som skjer etter Wimbledon, sa han til NTB nyleg.

I motsetning til andre idrettar har ikkje OL skyhøg status blant tenniseliten. Det er vanleg at fleire av dei største stjernene droppar å delta.

(©NPK)

Casper Ruud reiser ikkje til Tokyo-OL. Foto: Thibault Camus / AP / NTB