Annonse

Ruud hadde storspelar i kne, men kom til kort mot den 15. beste tennisspelaren i verda

Casper Ruud opna godt mot Borna Coric i St. Petersburg, men fekk det tøft utover mot mannen som er ranka som nummer 15 i verda. Han tapte 6-3, 5-7, 3-6.

Ruud låg lenge godt an til å tukte Coric i ATP-turneringa Russland, og det såg lyst ut etter det første settet. Så skrudde kroaten opp eit par knepp, og då klarte ikkje Ruud å halde følgje. Etter to timar og fire minutt var det over.

Hadde Ruud slått Coric, hadde han vore ein av dei med desidert høgast ranking som Ruud hadde vunne over. For augneblinken er Coric ranka som nummer 15 i verda. I juli 2018 vann Ruud over David Ferrer, som på sitt beste var ranka som nummer tre i verda. Men det var i 2013, og Ferrer var ranka som nummer 39 i verda då Ruud slo han i Sverige.

Likevel klarte ikkje Ruud å halde følgje til slutt, og dermed er det Coric som er klar for semifinale.

- Eg starta veldig svakt. Han spelte mykje betre enn meg, for å vere heilt ærleg, og eg hadde nesten tankane mine på veg heim utover i det andre settet. Men eg tok meg saman og spelte betre og meir aggressivt. Det fekk eg betalt for til slutt, sa Coric til arrangøren etter kampen.

Kjempeopning

Ruud opna gnistrande godt i det første settet. På 2-1 klarte Ruud å bryte då Coric slo i nettet på 30-40 i favør nordmannen, og 20-åringen gjekk då opp i 3-1.

På 4-2 til nordmannen leidde Ruud 40-0, men kroaten vann tre strake ballar og utlikna til 40-40. Så viste Ruud musklar med to strake poeng og gjekk opp til 5-2.

Coric heldt eigen serve til 3-5, noko Ruud òg gjorde. Dermed vann nordmannen det første settet på solid vis 6-3.

Braut og vart brote

På 2-2 i det andre settet, på Coric sin serve, fekk Ruud to moglegheiter til å bryte til 3-2. På det andre forsøket viste Ruud styrke og pressa Coric langt fram i bana. Kroaten skaut ballen i nettet, og Ruud hadde igjen brote.

Då skrudde Coric om og braut direkte tilbake til 3-3. Etter å ha halde eigen serve til 4-3, leidde han 30-0 over Ruud på serven til nordmannen, men etter eit game på over ni minutt klarte Ruud å halde eigen serve til 4-4.

På 6-5 til Coric klarte kroaten å bryte Ruud til 7-5 og settsiger. Dermed var det duka for eit tredje og avgjerande sett.

Vart broten og tapte

I det tredje settet opna Coric sterkt på eigen serve. Han tok alle poenga i gamet og gjekk opp til 1-0.

På 3-2 til Coric braut kroaten Ruud til 4-2. På 30-30 i gamet sette Ruud ballen upressa i nettet, og også poenget etter tok Coric.

Det enda til slutt 6-3 i det tredje settet.

I semifinalen møter Coric vinnaren av Mikhail Kukusjkin og Joao Sousa.

(©NPK)

Casper Ruud er ute av ATP250-turneringa i St. Petersburg etter tapet fredag. Foto: Tore Meek / NTB scanpix