Annonse

Ruud og makkeren til 2. runde av doubleturneringa i Wimbledon

Casper Ruud og William Blumberg vann den utsette kampen i double mot Nicolas Barrientos og Miguel-Angel Reyes-Varela.

Settsiffera enda med 4-6, 6-3, 7–6 (7-5), 2-6, 7–6 (10–7) for Ruud og Blumberg frå USA.

Den nesten tre og ein halv time lange kampen vart avgjord med eit såkalla «supertiebreak» med første lag til ti poeng.

No ventar engelske Lloyd Glasspool og Harri Heliovaara frå Finland i runde 2.

Kampen vart stansa på grunn av regn torsdag. Då var stillinga 1–1 i sett og 1–0 i game for Ruud/Blumberg.

Fredag var sola tilbake i den engelske hovudstaden, og begge lag halde eigen serve fram til tie-break. Der vann Ruud og Blumberg 7–5.

Solid spel vart til trøbbel i det fjerde settet. Ruud og Blumberg vart brotne to gonger og tapte 2–6.

Det avgjerande settet var igjen av det jamne slaget og gjekk heilt til tie-break. 35 år gamle Barrientos bidrog til ein underhaldande duell då han endå ein gong kasta seg etter ein ball og skapte stor stemning blant publikum. Den høge returen tok Ruud seg av og hamra inn ein vinnar.

I det avgjerande supertiebreaket opna Ruud/Blumberg med å bryte motstandarane og tok leiinga 4–0. Deretter var det brot på brot for begge lag, men Ruud og makkeren halte det i land etter mellom anna fleire vinnarar frå Ruud.

Ruud har berre spelt éin doublekamp tidlegare denne sesongen. Då var han partnar med landsmann Viktor Durasovic i ATP cup i Australia.

Ruud er ute av singleturneringa i Wimbledon etter tap for Ugo Humbert i 2. runde.

(©NPK)

Casper Ruud i aksjon i Wimbledon. I den prestisjetunge turneringa er det tradisjon at alle spelarane har på seg kvite klede. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB