Ruud semifinaleklar i Roma etter thriller – lykkast på den 15. brotballen

Casper Ruud er for andre gong i semifinalen i ATP Masters 1000-turneringa i Roma. Han slo ut canadiske Denis Shapovalov i strake sett.

Ruud hadde heile 15 brotmoglegheiter i kampen, men klarte berre å utnytte den siste av dei. Brotet bana veg for sigeren i ein kamp han vann med siffera 7–6 (9-7), 7–5.

Motstandaren fekk på si side berre to breaksjansar.

Denis Shapovalov banka Rafael Nadal torsdag kveld, men fekk det tøffare mot femteseeda Ruud. Der var det to ulike spelestilar som møttest.

Den venstrehendte canadiaren liker å avgjere tidleg og går ofte til nettet, medan Ruud liker helst å ha ein del ballvekslingar før han avgjer. Dei hadde møttest éin gong tidlegare, og også då gjekk Ruud sigrande ut, det var i fjorårsfinalen i Genève.

Spelarane følgde kvarandre fram til 4–3. Då fekk Ruud fire moglegheiter til å bryte serven til Shapovalov, men motstandaren klarte å redde seg inn.

Førstesettet enda med eit tie-break. Ruud var heldig som klarte å «bryte» med eit heldig nettreff til 8–7 og kunne serve heim første stikk.

I det andre settet følgde også spelarane kvarandre tett. Ruud fekk dei første servebrota sine på stillinga 3-3, men klarte ikkje utnytte moglegheita. På stillinga 5–5 fekk han moglegheita til brot heile ni gonger før han gjekk opp til 6–5. Enkelt serva han heim settet og kampen.

Ruud møter truleg verdseinar Novak Djokovic i semifinalen, men først må serbaren slå canadiske Felix Auger-Aliassime.

(©NPK)

Casper Ruud er klar for sin andre semifinale i Roma-turneringa i tennis. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

ANNONSE
Annonse