Ryanair-ansatte i Spania varslar streik

Kabintilsette i Ryanair basert i Spania, varslar at dei kjem til å streike i ti dagar i september mot planar om stenging av flybasar.

Etter eit møte med Ryanair-representanter i sju timar «som enda utan semje», varsla fagforeiningane USO og Sitcpla streik ved 13 av flybasane til selskapet i Spania.

I fråsegna går det fram at dei skal streike mot mogleg stenging av basane på Gran Canaria og Tenerife, og også mot «framtidig uvisse» rundt basen i Girona nord i Spania.

Fleire møter mellom fagforeiningane og det irske lågprisflyselskapet er venta neste veke.

Dei kabintilsette planlegg å streike hovudsakleg fredagar og søndagar i september.

I juli varsla Ryanair at dei kanskje kjem til å legge ned nokre basar på grunn av problem med Boeings 737 MAX-fly. Dei varsla samtidig at dei kjem til å redusere talet på jobbar med 900. 13.000 jobbar i Ryanair.

Flyselskapet har bestilt fleire 737 MAX-fly frå Boeing. I utgangspunktet bestilte dei 58, men i kjølvatnet av to alvorlege ulykker har dei bedt om 30.

Ryanair-flygarar i Storbritannia og Irland har òg varsla streik, men onsdag gav ein dommar i Dublin flyselskapet medhald i at streiken som er varsla i Irland torsdag og fredag, er ulovleg.

Ryanairs leiing argumenterte med at fagforbundet Forsa ikkje hadde fullført forhandlingane med selskapet før streiken vart varsla.

Ein domstol i London behandla onsdag eit liknande forsøk på å stanse streiken blant flygarane til selskapet i Storbritannia. Ei rettsavgjerd er venta innan kort tid.

Fagforbundet til flygarane har varsla streik i både august og september på grunn av arbeidsforhold og lønn.

(©NPK)

Kabintilsette i Spania skal i september streike mot Ryanairs varsla planar om å legge ned flybasar. Foto: AP / NTB scanpix