Annonse

Ryanair kan starte på Oslo lufthamn i haust

(NPK-NTB): Det irske lågprisselskapet Ryanair kan starte opp ruter på Oslo lufthamn allereie frå 1. september, dersom selskapet sjølv ønskjer det, skriv Aftenposten.

Slotkoodinator Fred Andreas Wister i Airport Coordination Norway AS seier til avisa at Ryanair har trafikkrettar på hovudflyplassen på Gardermoen frå 1. september.

Dette er rettar som Ryanair fekk tildelt frå starten av sommarprogrammet i slutten av mars i år, men som dei valde å utsette til 1. september – truleg for å sjå an skjebnen til forslaget om flypassasjeravgift.

Ryanair vil ikkje kommentere saka overfor Aftenposten.

Det er førebels ikkje avklart om det irske lågprisselskapet vil ta i bruk trafikkrettane dei er tildelte, eller om dei ventar med å starte opp til sommarprogrammet mot slutten av mars neste år. (©NPK)

Annonse