Annonse

Ryanair meiner oljeprisen vil knekke konkurrentane

Lågprisflyselskapet Ryanairs resultat viser ein nedgang i overskotet på 7 prosent, trass fleire passasjerar. Ryanair-sjefen spår død blant konkurrentane.

Annonse

Ryanair-sjefen Michael O'Leary hevdar at auka oljeprisar vil ta knekken på både SAS og Norwegian, melder Bloomberg.

- Vi får ein vinter prega av prisfall. Du kjem til å sjå konkursar denne vinteren. Det blir nok ein fire-fem år lang nedtur for industrien, seier Ryanair-sjefen Michael O'Leary til TV-kanalen CNBC, skriv Ritzau.

Seksmånadersresultatet viser ein nedgang i fortenesta på 7 prosent frå same periode i fjor. Flyselskapet forklarar dette med høgare utgifter til drivstoff og lønningar, og streikar og lågare billettprisar. Dessutan kom påska tidleg i år.

Fortenesta var på 1,2 milliardar euro (omtrent 11,5 milliardar kroner) mot 1,29 milliardar euro (omtrent 12.2 milliardar kroner) for same periode i fjor.

- Rutene våre vart fleire gonger ramma av streik blant flygeleiarane, i så måte har det vore den verste sommaren nokosinne, seier Ryanair-sjefen Michael O'Leary.

Han understrekar at den såkalla kabinfaktoren, som viser kor mange flysete som til kvar tid er i bruk, var uendra på 96 prosent.

(©NPK)

Ryanair tener mindre pengar enn tidlegare. Selskapet har vore ramma av streik både blant eigne tilsette og blant flygeleiarane dei siste seks månadane. Til saman er 250 avgangar kansellerte på grunn av streik blant eigne flygarar. Foto er frå innsjekkinga i Brussel under ein av dei mange Ryanair-streikane. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix