Ryggpasient tvinga til å forlate sjukehus - vart frakta i jekketralle på ferje

Ein pasient med store ryggsmerter ønskte ikkje å dra heim frå sjukehuset sidan han ikkje klarte å gå. Men han enda opp på ei jekketralle.

Mannen frå Jørpeland vart først send til legevakta på heimstaden, der dei gav han smertestillande og sende han vidare til Stavanger universitetssjukehus (SUS), skriv Stavanger Aftenblad.

Der vart han undersøkt nærare, og legane slo fast at dei ikkje kunne gjere meir. Han fekk dermed beskjed om å dra heim sidan sjukehuset ikkje hadde ledig sengeplass. Sidan pasienten ikkje klarte å gå, motsette han seg dette.

Då vart politiet tilkalla for å hente han heim under tvang. Dei køyrde han til ferja til Tau, der han vart forlaten på ein benk.

Eit augnevitne fortel til avisa at mannen deretter prøvde å åle seg langs bakken for å komme om bord i ferja, men at han vart hjelpt av matrosane som plasserte han på ei jekketralle for å få han om bord.

Den same jekketralla vart deretter brukt til å få han av ferja og på ein benk i venterommet på Tau. Ein passasjer på ferja ringde deretter etter sjukebil for å få mannen heim.

Sjukehuset seier til avisa at den medisinskfaglege vurderinga var at mannen ikkje hadde behov for sjukehusinnlegging.

Politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt opplyser i ei pressemelding måndag at dei skal sjå nærare på hendinga.

- Eg ønsker å gjere det klart kva som nøyaktig har skjedd i denne saka, både i dialogen med SUS og i dialogen med pasienten, og opprettar derfor ei klagesak for å finne dette ut, seier Vik, ifølgje Stavanger Aftenblad.

(©NPK)