Annonse

Sagosen-siger i «norsk» CL-duell

Sander Sagosen scora tre mål då Paris Saint-Germain vann 27-20 borte mot Flensburg-Handewitt i meisterligaen. Han kunne juble framfor fleire landslagskameratar.

Annonse

Oppgjeret på onsdag i Tyskland vart på langt nær like tett og spennande som i Paris fire dagar tidlegare. Då leidde Flensburg-klubben til pause og augna siger, men heilt på tampen stakk PSG av med 29-28-siger.

I den kampen gjorde Sagosen fire av måla. Onsdag fekk trønderen nettkjenning på tre av sju skot.

Til pause leidde gjestene 12-9 . Det var PSGs åttande siger av åtte moglege i Champions League denne hausten. Med ein kamp meir spelt toppar franskmennene gruppa si fire poeng føre Pick Szeged.

Gøran Søgard Johannessen scora to gonger for det tyske heimelaget, mens Magnus Jøndal noterte seg for éin fulltreffar. Torbjørn Bergerud var ein av Flensburgs keeperar i kampen.

Magnus Abelvik Rød var derimot ikkje i aksjon for vertane. Han har vore ute av spel ei stund på grunn av ein muskelskade i det eine låra.

Flensburg-Handewitt ligg på fjerdeplass i gruppe B. Tyskarane står med seks poeng. Gruppevinnaren går rett til kvartfinale, mens dei fem neste på tabellen må ut i utslagskampar.

(©NPK)

Sander Sagosen og PSG cruisar videre i meisterligaen. Her er trøndaren i aksjon for Noreg i ein landskamp mot Austerrike nyleg. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix