Klargjør siden...

Salmonella-utbrot kjem truleg frå eit parti vassmelon

Eit utbrot av magesjuke på grunn av salmonellabakteriar i Noreg er truleg knytt til vassmelon, opplyser Mattilsynet.

– Folkehelseinstituttet har oppdaga eit nasjonalt utbrot forårsaka av mage-tarmbakterien monofasisk Salmonella Typhimurium. Så langt er det påvist smitte hos 18 personar, opplyser Mattilsynet, som samarbeider med Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet i samband med utbrotet.

Tilsynet jobbar no med å spore dei aktuelle vassmelonane. Dei trur ikkje melonar knytt til utbrotet er å få kjøpt i butikken lenger. Dei fleste vart sjuke i perioden frå slutten av juni til midten av juli, og heil vassmelon har ei haldbarheit på 3–4 veker.

(©NPK)

Ein liten gut kosar seg med vassmelon sommaren 2021.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Annonse