Annonse

Salmonellautbrot i Sverige – 48 personar smitta av egg

Minst 48 personar har vorte smitta med salmonella etter å ha ete egg frå svenske verpehøner. Så langt er det utbrot i minst 13 ulike regionar i Sverige.

Dei som har vorte smitta, vart sjuke mellom 7. desember i fjor og 13. januar i år.

– Det er sannsynleg at det vil bli fleire sjukdomstilfelle, seier Rikard Dryserlius ved Folkhälsomyndigheten til Aftonbladet.

Egga det gjeld stammar frå produsenten CA Cedergren, som er Sveriges største produsent av egg. Produsenten har også tidlegare vore ramma av salmonellautbrot.

(©NPK)

Foto: Frank May / NTB/ NPK