Samling med medstudentar og faglærarar på campus Bø

Dei to kvinnene som vart drepne i Marokko var studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg. Tysdag samla medstudentar og faglærarar seg i Bø i Telemark.

- Vi har i dag fått den vonde meldinga om at to USN-studentar ved campus Bø er drepne i Marokko. Eg skal møte medstudentane og faglærarane deira i dag. Dei er i sorg og i første omgang konsentrerer vi oss om å ta vare på dei, og etter kvart vil vi arrangere ei minnestund, seier rektor Petter Aasen til NTB tysdag formiddag.

Dei to studentane gjekk andre året av eit bachelorprogram i friluftsliv - «tur- og naturrettleiing» - som universitetet tilbyr i Bø i Telemark.

- Dei var erfarne friluftslivsfolk. Eg har fått melding om at dei var på ei privat feriereise. Reisa var godt planlagd, og ho gjekk til eit område som blir rekna for å vere eit sikkert område, seier rektor.

Universitetet fekk meldinga om at dei to var funne drepne natt til tysdag.

- Allereie i natt og i morgontimane har fagmiljøet vore i kontakt med medstudentar. Dei er samla og blir tekne vare på. Som universitet vil uttrykkje stor medkjensle overfor foreldra og familiane til dei to studentane, seier rektor.

(©NPK)