Annonse

Samtalar om maktfordelingsavtalen i Sudan blir utsett

Sudans militærjunta og protestrørsla har utsett forhandlingane som skulle sluttføre den etterlengta maktfordelingsavtalen i landet.

Samtalane blir truleg tatte opp att dei neste dagane, ifølgje leiar Amjad Farid i paraplyorganisasjonen Alliansen for fridom og endring for protestrørsla.

- Vi har vedtatt å utsetje forhandlingane for å halde fleire samtalar i dei ulike gruppene våre, seier han.

Onsdag underteikna protestrørsla og militærjuntaen ein viktig avtale om maktfordeling. Avtalen går ut på å opprette eit mellombels regjeringsorgan der leiarskapet skal gå på omgang mellom juntaen og opposisjonen i tre år og tre månader.

Men det står framleis att forhandlingar om ei rekke andre punkt i avtalen, mellom dei eit konstitusjonelt dokument som skal avklare makta og rolla til overgangsrådet. Det er venta at både militærjuntaen og Alliansen for fridom og endring vil søke å få flest moglege seter i overgangsrådet.

Sudans mangeårige president Omar al-Bashir innførte unntakstilstand i februar og oppløyste regjeringa. Han peika ut ny regjering og lova å løyse den økonomiske krisa, men demonstrantane heldt fram med protestane sine. Demonstrantane bad hæren om å gripe inn.

I april sette tusenvis av demonstrantar seg ned utanfor hovudkvarteret til hæren. 11. april tok hæren makta i eit kupp, og al-Bashir vart arrestert og avsett.

Men landet hamna i ei ny krise då juntaen ikkje ville la sivile sleppe til ved makta. Situasjonen toppa seg 3. juni, då meir enn 100 personar ifølgje protestrørsla vart drepne i samanstøyt.

(©NPK)