San Francisco blir kvelt av giftig luft frå skogbrannar

Skular og turistattraksjonar rundt San Francisco-bukta held stengt som følgje av giftig røyk frå dei enorme skogbrannane i California.

Røyken frå skogbrannane, som har kravd til saman 63 menneskeliv, førte til at luftkvaliteten i San Francisco var dårlegare enn i nokon av dei meste forureina byane i Sør-Asia og Kina fredag morgon.

Som følgje av dette sende lokale styresmakter ut ei melding om at alle offentlege skular skulle halde stengt, mens byen dei ikoniske kabelvognenen i byen vart sende tilbake til stasjonane sine.

Luftkvalitetsindeksen (AQI) har auka til 213, som er samanliknbart med hovudstaden Dhaka i Bangladesh, og verre enn storbyen Kolkata i India.

Til samanlikning er den på det høgaste 74 i Oslo og 60 i Trondheim fredag.

- San Franciscos luftkvalitet er nedgradert frå «usunn» til «svært usunn» som følgje av lokale skogbrannar og vêrsystem, skriv lokale transportstyresmaktene på nettsidene sine.

(©NPK)

Tjukk røyk dekkjer San Francisco etter skogbrannane i California.
Foto: Eric Risberg / AP / NTB scanpix