Annonse

Sandbech vann slopestyle i USA

Snowboardstjerna Ståle Sandbech vann slopestylefinalen i det store stemnet i Breckenridge i Colorado søndag. Mons Røisland vart nummer tre.

Sandbech fekk 181,33 poeng og vann 1,33 poeng føre amerikanske Chris Corning. Røisland var ytterlegare 0,67 poeng bak.

- Det er heilt sjukt! Eg hadde ingen forventingar til det her. Det gjekk ganske dårleg i starten av veka, og så veit eg ikkje heilt kva som skjedde - det berre klaffa, seier ein stornøgd Ståle Sandbech.

Det som starta som ei uheldig konkurranse-veke i Colorado, då Marcus Kleveland knuste kneskåla på trening, fekk ei positiv avslutning. Sandbech tok førsteplassen etter ein svært spennande konkurranse.

- Nivået var veldig høgt og folk drog skikkeleg på. Eg har aldri sett så bra forhold i Colorado. Det pleier alltid å vere litt vind, men det var heilt vindstille og varmt - nydelege forhold, seier Sandbech.

Det var siste konkurranse i det prestisjetunge Dew Tour-stemnet, og det var første norske siger.

Silje Norendal vart nummer seks i kvinnenes slopestyle, som vart vunne av Anna Gasser.

I ski vart Johanne Killi nummer fire i slopestyle. Kelly Sildaru vann.

(©NPK)

Ståle Sandbech vann slopestylekonkurransen i Breckenridge søndag. Her er han under OL i Pyeongchang sist vinter. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix