Annonse

Sandnes-ordføraren meiner vindmøllene på Vardafjell ikkje kan stoppast

Olje- og energidepartementet (OED) skal igjen vurdere vindmøllene som skal byggjast på Vardafjell i Sandnes, men ordføraren trur ikkje dei kan stoppast.

Annonse

Sandnes-ordførar Stanley Wirak var fredag i møte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) for å snakke om klagene dei har på anlegget, som er i ferd med å reise seg på Vardafjell.

Utbygginga er godkjent av NVE og departementet. Kommunen har òg sagt ja til utbygginga, men reagerer på planane om at turbinane skal bli høgare enn det som først var planlagt og fryktar mellom anna at støynivået blir for høgt.

- Må vere innanfor tolegrensa

- Vi seier ikkje nei til vindmøller. Det har vi sagt ja til, det står vi på. Men vi er klare på at det må vere innanfor tolegrensa for dei som bur i nærleiken, seier Wirak til NTB.

Kommunen krev ei utgreiing av konsekvensane av dei endra byggjeplanane. Wirak er mellom anna engsteleg for at luftfartsstyresmaktene skal krevje at vindmølleblada blir merkte med sterkt lys.

- God dialog

NVE-direktør Ketil Lund seier at NVE vil gjere ei vurdering av innvendingane frå kommunen og sende vurderingane til OED. Så er det opp til departementet å avgjere kva som skjer vidare.

Lund påpeikar at miljø-, transport og arealplanen vart endeleg godkjent i fjor, og at kommunen ikkje hadde nokon innvendingar då.

- Dette er ei sak det er mykje engasjement rundt. Det har eg forståing for. Dette var ikkje eit møte der vi avgjorde noko, og det skulle det heller ikkje vere. Vi høyrde på synspunkt og hadde ein god dialog, seier Lund til NTB.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix