Annonse

Sandvolleyball: Bergerud og Retterholt kom til kort i Portugal

Sandvolleyballduoen Daniel Bergerud og Lars Tveit Retterholt tapte den avgjerande kvalifiseringskampen i firestjernersturneringa i Portugal torsdag kveld.

I den avgjerande kampen vart australiarane Cole Durant og Damien Schumann for sterke med siffera 22-20, 21-16.

Den norske duoen tok seg til den avgjerande kvalifiseringskampen ved å slå dei 18 år gamle tvillingane Joaquin og Javier Bello frå Storbritannia med siffera 21-17, 21-17.

Verdseinarane Anders Mol og Christian Sørum deltek ikkje i turneringa, som finn stad i portugisiske Espinho.

(©NPK)