Sarpsborg endrar rapporteringa av smittetilfelle

Sarpsborg endrar rapporteringsrutinane sine for koronasmitte. No inngår ikkje smitte i samband med karantenehotell i smittetala til kommunen.

Sarpsborg kommune forventar at det også i sommar vil vere mange som må bu på karantenehotell, og at dei av den grunn vil oppleve nokre fleire smittetilfelle.

– Sidan dei aller fleste av desse strengt teke ikkje har noko med Sarpsborg å gjere, har vi bestemt at vi endrar måten vi rapporterer på, seier kommuneoverlege Karianne Jenseg Bergman.

Einaste unntaket er viss den som er smitta, faktisk bur i Sarpsborg til vanleg. Sarpingar som er smitta i utlandet, men som kjem inn i Noreg andre stader, til dømes på Gardermoen, tel med i Sarpsborg-statistikken.

Kommunen starta med den nye ordninga torsdag.

Ullensaker kommune, som har ansvaret for karantenehotella på Gardermoen, har òg valt å sjå bort frå smitte ved flyplassen i dei lokale smittetala sine.

Smittetala for Sarpsborg er no justerte ned frå 2.883 til 2.861.

(©NPK)

No inngår ikkje lenger smitte i sambvand med karantenehotell i smittetala til Sarpsborg kommune. Karantenehotellet på biletet er frå Oslo. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK