Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Napoli-manager Maurizio Sarri har forlengt kontrakten fram til 2020.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 19:16
57-åringen førte Napoli til ein imponerande andreplass i Serie A førre sesong, noko som sikra gruppespelplass i neste sesongs meisterliga.
– President Aurelio Dei Laurentiis tilbaud meg ein kontrakt som gjer meg stolt, seier Sarri til klubbens offisielle Twitter-konto.
Sarri kom til klubben i fjor på ein eittårskontrakt med moglegheit for forlenging. Før han kom til Napoli, var han tre sesongar i Empoli.
– Eg kan ikkje tru at eg vil vere på benken i meisterligaen, men eg vil takle det. Om eg får lov å leie eit lag på dette nivået kan eg takke Dei Laurentiis. Eg takkar han og håper å fortene hans tillit, seier Sarri. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.