Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB– TT): SAS Norge bekreftar at selskapet gir gravide kundar pengane tilbake dersom dei vil avbestille reiser til zika-ramma område, melder NRK.
npk@npk.no
Publisert: 10.02.2016 kl 07:27
Dette gjeld også der selskapet berre flyg ein del av ruta. Det bekreftar SAS Norge overfor kanalen.
– Alle gravide og deira reiseselskap kan avbestille sine reiser som dei har bestilt hos oss. Derimot gjeld våre ordinære avbestillingsreglar dersom ein ikkje er gravid, seier pressevakt Anna Wiksten i SAS til det svenske nyheitsbyrået TT.
Norwegian har tidlegare opplyst at dei tillèt avbestillingar, men det gjer for eksempel ikkje selskap som Air France eller KLM. Også charterselskapet Ving har opplyst at dei tillèt avbestillingar til zika-ramma område frå gravide.
Viruset er mistenkt å vere årsaka til at over 4.000 barn i Brasil er fødde med mikrokefali, ein sjukdom som fører til underutvikla hjerne. Viruset blir overført via mygg og blodsmitte og finst i fleire land i Latin-Amerika. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.