Saudi-Arabia siktar elleve for Khashoggi-drap

Påtalemakta i Saudi-Arabia har sikta elleve personar for drapet på Jamal Khashoggi. Dei ber om dødsstraff for fem av dei.

Kort tid etter at Khashoggi vart drepen, skal ein av drapsmennene ha bede ein overordna på telefon om å «seie frå til sjefen», ifølgje New York Times.

Drapsmannen skal ha formidla til sin overordna at oppdraget med å drepe den regimekritiske journalisten var utført. Ein antar at sjefen er kronprins Mohammed bin Salman, skriv avisa.

Påtalemakta gjorde det likevel klart torsdag at kronprinsen ikkje er nemnd i siktinga eller sett på som delaktig i drapet.

Lydopptaket blir sett på som eit av dei sterkaste bevisa som knyter bin Salman til drapet på Khashoggi, som skjedde 2. oktober på det saudiarabiske konsulatet i Tyrkia.

Tyrkiske etterretningskjelder meiner det var Maher Abdulaziz Mutreb, ein av dei 15 saudiarabiske statsborgarane som vart sendt til Istanbul før drapet på journalisten, som skal ha teke opp telefonsamtalen. I opptaket skal han òg ha sagt «oppdraget er utført».

Mutreb, ein saudiarabisk etterretningsoffiser og tidlegare diplomat, har vore namngitt som ein av dei mistenkte bak drapet. Offiseren skal tidlegare ha omtalt at han hadde ei «sentral rolle» i drapet.

(©NPK)