Annonse

Houthiane åtvarar Saudi-Arabia etter angrep

Houthi-opprørarane i Jemen åtvarar Saudi-Arabia mot å undergrave våpenkvila etter at kampfly natt til fredag angreip fleire mål utanfor hamnebyen Hodeida.

- Dei intensive angrepa mot Hodeida er ei alvorleg opptrapping som kan torpedere avtalen som vart inngått i Sverige, seier ein av leiarane til opprørarane, Mohammed Abdessalem.

Han viser til våpenkvila som vart inngått då partane møttest til samtalar i regi av FN i Stockholm i desember 2018.

- Den saudileidde koalisjonen må ta ansvaret for denne opptrappinga og vi kjem til å følgje tett med på FNs haldning til denne situasjonen, seier Abdessalem.

Angreip fire mål

Kampfly frå den saudileidde koalisjonen angreip natt til fredag fire opprørsmål nord for den strategisk viktige hamnebyen Hodeida.

Over 70 prosent av all import til Jemen skjer via hamna i Hodeida, som er livsnerve for millionar av menneske som er avhengige av nødhjelp.

Saudi-Arabia held at fast på måla som vart angripne natt til fredag, var legitime.

- Desse områda har vorte brukte som base for å utføre terroristhandlingar som truar sjøfartsruter og internasjonal handel i Bab el-Mandeb-sundet og i den sørlege delen av Raudehavet, sa ein talsmann for koalisjonen, oberst Turki al-Malki.

Store tap

Armed Conflict Location & Event Data Project (ACLED) anslår at over 90.000 menneske er drepne sidan Saudi-Arabia gjekk til krig mot Houthi-opprørarane i Jemen i mars 2015.

Over 3 millionar menneske er drivne på flukt sidan konflikten braut ut.

Krigen har utløyst det FN beskriv som den verste humanitære krisa i vår tid. Rundt halvparten av dei 30 millionar innbyggarane i landet treng nødhjelp, og 10 millionar av dei blir trua av akutt svolt.

(©NPK)

Houthi-opprørarane i Jemen har vore under angrep frå ein saudileidd koalisjon sidan mars 2015, men har framleis makta i hovudstaden Sana. Foto: AP / NTB scanpix