Sauebonde i Levanger fekk 19 øre kiloen for sauekjøtt

Forbrukaren bryr seg ikkje om sauekjøtt. Alle vil ha lammekjøtt. Sauebonden Bjørn Pettersen frå garden Slengen i Levanger fekk betalt fire kroner per sau.

Siste avrekning frå Nortura-slakteriet i Malvik viser at sauebonden fekk betalt 315 kroner for 25 sauer.

- I snitt fekk eg betalt ein kjøttpris på mellom fire og fem kroner per sau, seier Bjørn Pettersen til Trønder-Avisa.

Det utgjer 19 øre per kilo.

Han meiner den låge prisen kjem av at det blir fokusert på lammekjøtt, det vil seie sau som er yngre enn eitt år. Dermed blir det eit overskot av slakt av såkalla vaksensau.

Pettersen fortel til avisa at det vart gjort ein tabbe for 40 år sidan, då det vart brukt gammalsau i fårikålkjøtt. Dette gav sterk sauesmak på maten, og det gløymer ikkje forbrukaren så lett.

Ifølgje rådgjevar Bjørn Wæhre i Nortura har det ikkje mangla på forsøk på å introdusere nye produkt basert på kjøtt frå vaksen sau. Nortura stod nyleg klar til å lansere fårefrikassé, men kjedene sa nei takk.

Det er i dag 1.400 tonn frose sauekjøtt på lager. Omsetningsrådet har sett i gang tiltak for å handtere situasjonen. Ein del skal blant anna brukast til dyrefôr.

I tillegg til prisen frå slakteriet får bonden eit grunntilskot på 2,70 kroner, driftstilskot på 4,95 kroner og økologisk tilskot på 1 krone for kvar kilo sauekjøtt.

(©NPK)

Upopulær. Lagra med sauekjøtt veks og Omsetningsrådet har sett i gang tiltak. Sauebonden Bjørn Pettersen fortel at sau er eit «nødvendig vonde» for å kunne produsere hovudproduktet, lam.

Foto: Kyrre Lien / NTB SCANPIX