Polaris kjøper Fædrelandsvennen og dannar mediekonsern i sør

Schibsted sel avisa Fædrelandsvennen i Kristiansand til Polaris Media. Avisa inngår i eit nytt selskap med mellom anna Varden og Agderposten.

Det nye selskapet vil heite Polaris Media Agder AS, der Polaris Media vil eige 51 prosent, og eigarane av Agderposten Medier vil kontrollere dei resterande 49 prosentane, heiter det i ei pressemelding frå Polaris Media fredag morgon.

Konsernet vil bestå av dei tre regionale mediehusa Fædrelandsvennen (Kristiansand), Agderposten (Arendal) og Varden (Skien) og dei 6 lokale mediehusa Lister (Farsund), Lindesnes (Mandal), Søgne og Songdalen Budstikke, Vennesla Tidende, Lillesands-Posten og Grimstad Adressetidende.

170.000 lesarar

Dei ni mediehusa hadde i 2018 eit samla opplag på 107.000, 138.000 daglege lesarar digitalt og 170.000 daglege lesarar på papir.

- Agder er ein region i endring, med nært kommande fylkessamanslåing frå 1. januar 2020 og eit sterkt utbetra infrastruktur som har skapt auka mobilitet og handel internt i regionen, seier styreleiar Willem Sijthoff i Agderposten Medier.

Han opplyser at Polaris Media, Agderposten Medier og Schibsted over tid har arbeidd med sikte på å slå saman medieverksemdene.

Digital transformasjon

- Polaris Media ser fram til å jobbe saman med eigarane og leiing i Agderposten Medier for å utvikle desse mediehusene vidare, og bidra til å lykkast med den digitale transformasjonen, i samspel med resten av Polaris Media, og i eit strategisk samarbeid med Schibsted, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.

- «Timinga» er god. Vi har hatt det bra i Schibsted, men vil få det endå betre i Polaris-konsernet, seier sjefredaktør og administrerande direktør Eivind Ljøstad i Fædrelandsvennen til si eiga avis.

Handelen er gjord med atterhald om godkjenning frå Konkurransetilsynet. Endelege og bindande avtalar er venta å bli inngått i oktober eller tidleg november.

(©NPK)

Fædrelandsvennen held til på torget i Kristiansand. Arkivfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix