Annonse

Schick-show og ellevill skåring frå midtbanen då Tsjekkia slo Skottland

Patrik Schick stal showet då Tsjekkia slo Skottland 2–0 i fotball-EM. Ein heading og eit skot frå nærare 50 meter sørgde for ein draumestart for tsjekkarane.

Tre minutt før pause raga Schick høgast i Skottland-boksen og stanga inn 1-0, før 25-åringen like etter pause var svært årvaken etter eit Skottland-angrep.

Bayer Leverkusen-spissen såg at målvakta til skottane David Marshall stod langt ute då spelet gjekk føre seg på Tsjekkias halvdel, før gjestene i kvitt braut. Schick fekk ballen i beina og hamra til frå nesten midtsirkelen.

Ballen gjekk i ein vakker boge og i mål til 2–0. Det var det sjuande og åttande målet hans for Tsjekkia på dei siste elleve kampane.

Skotsk skuffing

Skottland skapte fleire store moglegheiter og burde ha skåra fleire mål, men tsjekkarane stod imot og vann 2–0. Dermed vart det tsjekkisk siger og ein draumestart for trenar Jaroslav Silhavý og co.

– Vi er skuffa. Eg synest vi spelte veldig bra, seier Skottland-spelar John McGinn til BBC.

– På dette nivået må du vere klinisk. Det var Tsjekkia i dag. Vi må lære av det som skjedde og gjere nokre små endringar på spelet vårt før kampen mot England fredag, seier Stuart Armstrong.

Før EM-kampen på måndag hadde ikkje Tsjekkia klart å vinne på Hampden Park på seks forsøk. Den marerittrekkja er no over, takka vere Schick.

Sigeren var òg deira første på skotsk jord sidan dei slo Skottland 2–1 på Celtic Park i EM-kvalifiseringa til meisterskapen i 2000.

Skottland-press i starten

Føre 12.000 tilskodarar på Hampden Park i Glasgow var det eit veldig tempo i opninga av kampen.

Skottlands første store moglegheit kom etter 18 minutt, då Andy Robertson slo inn til Lyndon Dykes. QPR-spissen skaut like utanfor frå fem–seks meter.

Halvtimen var gjort unna då Robertson sjølv var nær ved å setje inn 1–0. Han hamra til på heilvolley frå 16 meter med venstrefoten, men ein lekker ei-handsredning frå Tomás Vaclík hindra skåring.

Litt mot gongen i spelet tok Tsjekkia leiinga like før pause. Etter eit vedvarande trykk mot Skottland-målet måtte heimelaget kapitulere. Patrik Schick gjekk opp i feltet og stanga ballen lekkert i mål frå åtte–ni meter.

Målet var det ellevte for Tsjekkia.

Store moglegheiter

Skottland kom ut i hundre i den andre omgangen. Jack Hendry var svært nær to minutt ut i omgangen, men skotet gjekk i tverrliggjaren og over.

Minuttet etter heldt Tsjekkia-midtstoppar Tomas Kalas på å øydeleggje då han sleiva med ei klarering som var på veg mot eige mål, men målvakt Vaclik slo akkurat ballen vekk og hindra utlikning.

Så var det Dykes som igjen var nære, denne gongen etter halvspelt 2.-omgang. Spissen fekk skyte heilt åleine med Vaclik varta opp med ein veldig beinparade.

Deretter presenterte Schick seg igjen, denne gongen med skotet frå nærare 50 meter. Det sørgde for 2–0 til dei kvitkledde.

Utan Tierney

Skottland heldt fram med å køyre på og skapte fleire store moglegheiter etter 2-0-målet, men klarte ikkje overliste tsjekkarane.

Dermed vart det ein skuffande meisterskapsretur for Skottland, som måndag spelte i det første sluttspelet sitt sidan VM i 1998.

Arsenal-spelar Kieran Tierney var ikkje på bana måndag grunna ein liten skade, men skal vere klar til kampen mot England fredag.

(©NPK)

Patrik Schick jublar for mål. Foto: Stu Forster / Pool via AP / NTB