Annonse

Seine kveldskampar når La Liga startar opp igjen

Spanske fotballklubbar får no trene i grupper på inntil 14 spelarar. Ligaen er i rute mot kampstart om snautt tre veker. Då blir det mange seine kampar.

La Liga-sjef Javier Tebas har tidlegare sagt at det vil bli spelt seriekampar kvar einaste dag når serien kjem i gang igjen etter koronaviruspausen. For å skåne spelarane for sommarvarmen vil det òg bli spelt mange kampar seint om kvelden.

– Vi vil ta omsyn til sommartemperaturane når vi bestemmer oppsettet. Planen vår er å ha avspark 19.30 eller 20.00 og 21.30 eller 22.00 på vekedagar, medan det i helgane vil bli spelt nokre kampar òg 17.00, seier Tebas til TV-rettshavar Movistar.

Planen er å starte opp igjen med byderbyet mellom Sevilla og Betis torsdag 11. juni. Den kampen skal sparkast i gang klokka 22.00.

Tebas sa at han ikkje kan garantere at La Liga startar etter planen. Det avheng av utviklinga i smittesituasjonen og av at opptrappinga av trening går etter planen.

– Vi må framleis samarbeide tett med fotballforbundet og styresmaktene for å sørgje for at alt blir gjort riktig, seier Tebas, som antydar at terminlista for dei fire første rundane etter pausen blir offentleggjord neste veke. Alle kampar skal spelast for tomme tribunar.

Denne veka er gruppene på treningsfeltet utvida frå 10 til 14 spelarar. Ein er ikkje langt unna full treningsaktivitet, noko det truleg blir gitt klarsignal for frå neste veke.

Om planen for start 11. juni blir halden, vil det vere akkurat tre månader sidan sesongen vart avbroten på grunn av viruspandemien.

(©NPK)

Det blir spel nesten til midnatt for Martin Ødegaard og dei andre La Liga-spelarane når sesongen kjem i gang igjen. Ligaen planlegg sein kampstart for å unngå den verste sommarvarmen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix