Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kjartan Sekkingstad fortalde at han og dei andre gislane blei ein samansveisa gjeng som tok godt vare på kvarandre då dei blei haldne som gislar på Filippinane.
npk@npk.no
Publisert: 23.09.2016 kl 09:04
– Vi blei lenka saman med handjern kvar kveld etter aftenbønna. Robert og Marites blei lenka saman, medan John og eg blei lenka saman, fortalde 57-åringen då han møtte pressa etter å ha landa på Gardermoen ved 6.40-tida fredag.
Robert Hall, hans filippinske kjærast Marites Flor og John Ridsel blei alle haldne fanga hos den islamistiske Abu Sayyaf-geriljaen saman med nordmannen.
– Viss ein eller annan måtte på toalettet, så måtte den andre og bli med. Vi blei ein samansveisa gjeng, vi tok godt vare på kvarandre, sa Sekkingstad. (©NPK)