Annonse

Seks eigedommar freda frå Aust-Agder til Finnmark

Riksantikvaren freda fredag seks eigedommar. To av dei ligg i Trondheim, dei andre i Tana, Arendal, Skien og Sørum på Romerike.

Annonse

Blant dei seks eigedommane er det gamle sjukehusområdet i Kongens gate i Trondheim og Havforskningsinstituttets forskingsstasjon Flødevigen i Arendal.

Stasjonen frå 1884-1890 er ein av Europas eldste institusjonar innan eksperimentell og feltbasert forsking på marint liv og miljø, ifølgje Statsbygg.

Fredinga omfattar akvariebygget med eksteriør og delar av interiøret, og to basseng.

Av eigedommane som vart freda, blir fem forvalta av Statsbygg, mens éin nyleg vart overtatt av Sørum kommune.

Dei fire andre eigedommane som vart freda, er Polmak tollstasjon i Tana kommune, Munkholmen i Trondheim kommune, Frogner hovedgård i Skien kommune og Blaker skanse i Sørum kommune.

Fredingane vart markerte på Blaker skanse fredag, med blant andre riksantikvar Jørn Holme til stades.

(©NPK)

Munkholmen i Trondheimsfjorden er no freda av Riksantikvaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix