Annonse

Seks palestinarar skal vera drepne ved den israelske grensa

Seks palestinarar er drepne under nye protestar ved grensa mellom Gazastripa og Israel, opplyser helsedepartementet i den palestinske enklaven.

Annonse

Ytterlegare 60 palestinarar er såra, deriblant ti mindreårige, opplyser talsmann for departementet Ashraf al-Qedra fredag.

Dei drepne palestinarane er i alderen 17 til 29 år. Dei blei drepne då tusenvis av palestinarar bevegde seg mot det israelske grensegjerdet, seier han.

Den israelske hæren har stadfesta at fleire personar er skotne og drepne, men har ikkje oppgjeve noko tal. I ei fråsegn heiter det at soldatar observerte fleire «angriparar» som klatra på tryggingsgjerdet sør på Gazastripa, og desse blir også skulda også for å ha planta ein sprenglekam som førte til ein brann. Ifølgje fråsegn blei fleire personar skotne då dei nærma seg ein israelsk grensepost.

Minst 204 palestinarar er skotne og drepne av israelske soldatar sidan demonstrasjonane tok til på Gazastripa i mars. Protestane er retta mot den israelske blokaden som har gjort levekåra på Gazastripa svært vanskelege, og i tillegg til den manglande moglegheita palestinarane har til å reisa tilbake til stader som palestinarane flykta frå for 70 år sidan, og som no er ein del av Israel.

(©NPK)

Palestinske demonstrantar ber vekk ein såra mann etter at han blei skoten av israelske soldatar. Foto: Khalil Hamra / AP / NTB scanpix