Annonse

Semje om regjeringskoalisjon i Spania

Statsminister Pedro Sanchez' parti PSOE og venstrepartiet Podemos vil danne koalisjonsregjering. Dermed kan den politiske krisa i Spania gå mot ei løysing.

- Dette blir ei regjering for fire år, for heile perioden, sa Sanchez.

Han og leiar Pablo Iglesias i Unidas Podemos møttest til ein felles seanse tysdag. Iglesias blir visestatsminister, ifølgje ei rekke medium.

Det sosialdemokratiske partiet PSOE vann valet på søndag, som var det andre i Spania i år og det fjerde på fire år.

Partiet fekk litt mindre oppslutning enn i valet i april og enda med 120 plassar. Også Podemos gjekk tilbake i valet søndag og fekk 35 plassar, 7 færre enn i april.

Etter det førre valet nekta PSOE å gå inn i ein koalisjon med Podemos. Dermed måtte Sanchez i september lyse ut nyval etter at kong Felipe erklærte at ingen av kandidatane hadde nok støtte til å sikre fleirtal i nasjonalforsamlinga.

- Det som var umogleg i seks månader, har no vorte løyst på under 48 timar, kommenterer den spanske avisa El País.

Dei to partia får 155 sete til saman. Det trengst 176 for å få fleirtal. Dei er dermed avhengige av støtte frå andre parti for å vinne eit tillitsvotum i nasjonalforsamlinga.

Sanchez sa tysdag at regjeringa «blir fødd med ein intensjon om å nå ut til andre krefter».

(©NPK)

Statsminister Pedro Sanchez' parti PSOE og venstreorienterte Podemos er samde om å danne ei koalisjonsregjering i Spania. Sanchez og Podemos-leiar Pablo Iglesias møttest tysdag for å veksle handtrykk. Foto: AP / Paul White / NTB scanpix