Senegalesisk målvakt er nær ved å vere klar for Chelsea

Berre den medisinske testen står att før Rennes-målvakta Édouard Mendy formelt blir Chelsea-spelar.

Med det får Kepa Arrizabalaga ein tøffare kamp om posisjonen som førstemålvakt i Premier League-klubben. Spanjolen vart den dyraste målvakta i verda då han kom til Chelsea i 2018, men har ikkje levd opp til prislappen.

Manager Frank Lampard stadfestar at Mendy er på legesjekk hos klubben. Etter det nyheitsbyrået AP skriv, seier han at senegalesaren vil utfordre Kepa og Willy Caballero, og at han dermed ikkje blir noko garantert førsteval.

Det er frå før klart at Caballero skal vakte Chelsea-buret i ligacupkampen på onsdag mot Barnsley.

(©NPK)

Chelsea-manager Frank Lampard ser ut til å hente inn målvakta Édouard Mendy frå Rennes. Foto: Glynn Kirk / AP / NTB scanpix