Annonse

Senstad blir likevel ikkje Polens landslagssjef

To dagar etter at Arne Senstad vart presentert som Polens nye landslagssjef i handball for kvinner kom kontrabeskjeden. Klubben hans Storhamar sa nei.

Det skriv Aftonbladet og viser til polsk Eurosport.

- Det er ei ære for meg, men framfor alt ei utfordring med hardt arbeid og stort ansvar, sa Senstad då han vart presentert som Polens nye sjef.

Meininga var at han kommande sesong skulle kombinerte landslagsjobben med virket sitt som hovudtrenar i Storhamar, der han har kontrakt til sommaren 2020.

I Polen var han tilboden kontrakt til 2024, men styret i Storhamar sette foten ned og lèt ikkje Senstad kombinere trenarjobben i klubben med landslagsjobben i Polen. Dermed blir det ikkje noko polsk eventyr for 50-åringen.

Senstad har vore Storhamar-trenar i to periodar, frå 2006 til 2013 og sidan 2015. Førre sesong leidde han laga til 2.-plass i serien, til cupfinale og sluttspelfinale. Kvar gong vart berre Vipers Kristiansand for sterk.

Polen er ikkje kvalifisert til årets VM, og Leszek Krowicki måtte gå tidlegare i år. Senstads oppgåve skulle vere å kvalifisere laget til meisterskap igjen.

(©NPK)

Arne Senstad i aksjon under Storhamar-kamp. Klubben sette foten ned og velta planen hans om å bli Polens landslagssjef. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix