Annonse

Senterpartiet tek atterhald om EØS-utmelding

Senterpartiet vil vente med å melde Noreg ut av EØS-avtalen til eit alternativ er på plass.

Annonse

På landsmøtet tidlegare i juni vedtok Senterpartiet det nye partiprogrammet sitt for 2021 til 2025.
Der blir det teke eit nytt atterhald om EØS.
Senterpartiet vil framleis ha Noreg ut av avtalen og erstatte han med nye handels- og samarbeidsavtalar med EU. Men i landsmøtevedtaket blir det presisert at dette først skal skje «etter reforhandlingar».
– Det er viktig fordi vi må vite kva alternativet er, seier stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl (Sp) til NTB.
– Senterpartiet meiner at vi treng eit alternativ til EØS-avtalen. Det alternativet må vere på plass før ein gjer noko med avtalen.

Vil ha utgreiing

Ifølgje Mehl vil første punkt for Senterpartiet vere å greie ut alternativ til EØS-avtalen.
– Vi ønskjer ikkje å seie opp avtalen utan at vi har eit alternativ. Så vi må jo starte med det. Så er Senterpartiets mål heilt klart å finne eit alternativ som gir oss råderett over eige land.
I førre partiprogram stod det òg at Sp er «motstandarar av EØS-avtalen». Den formuleringa har partiet droppa i det nye programmet. Men ifølgje Mehl er det ikkje snakk om nokon moderering av EØS-motstanden.
– Det er ikkje nokon dramatikk i at programkomiteen no skriv setningane litt annleis enn den førre. Senterpartiet er ein tydeleg motstandar av EØS-avtalen slik han er i dag, seier Mehl til NTB.
– Det står jo implisitt det same når vi seier at vi vil erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtalar med EU, fastslår ho.

EØS-garanti

Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre har gitt veljarane ein EØS-garanti. Ifølgje han vil Arbeidarpartiet ikkje sitje i noka regjering som ikkje legg EØS-avtalen til grunn.
På spørsmål om korleis Sp skal ta omsyn til dette, svarer Mehl uforpliktande.
– Senterpartiet forhandlar ikkje i media. Vi går til val på programmet vårt, seier Mehl.
– Vi er mot norsk EU-medlemskap, og vi meiner EØS-avtalen ikkje fungerer godt for Noreg no og bør erstattast med handels- og samarbeidsavtalar med EU. Så får Arbeidarpartiet gå til val på å vere meir EU-vennlege enn vi er, og så får veljarane avgjere, seier ho.

Byråkratikritikk

Næringsminister Iselin Nybø (V) er kritisk til Sps nye programpunkt.
Ho viser til at Sp både vil redusere byråkratiet og få Noreg ut av EØS.
Det gir ikkje meining, meiner Nybø, som viser til at britisk næringsliv melder om ein kraftig auke i byråkratiet som følgje av at Storbritannia gjekk ut av EU.
– Senterpartiets EØS-utmelding vil gi eksplosjon i byråkrati. Erfaringane frå brexit viser det heilt tydeleg. Vi kan ikkje la dette skje med Noreg. Senterpartiets politikk er farleg for norske arbeidsplassar, seier Nybø.
Den kritikken blir avfeia av Mehl.
– Venstre slit tydelegvis med å forstå kva vi har sagt, seier Sp-politikaren.
– Vi ønskjer nettopp å grundig greie ut alternativ til EØS-avtalen. Det er ein lang prosess ein skal igjennom. Det er jo ikkje slik som Venstre framstiller det, å berre melde seg ut over natta. Det ville ha vore uansvarleg, fastslår ho.
EMBED START Image Senterpartiets stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl, her i samtale med partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget. Senterpartiet ønskjer å greie ut alternativ til EØS-avtalen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB EMBED END Image (©NPK)
Senterpartiets stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl fastslår at alternativa må greiast ut grundig før ei utmelding frå EØS kan komme på tale.
Foto: Berit Roald / NTB/ NPK