Annonse

Senterpartiets stortingsgruppe krev stans i straumeksporten

Straumeksporten må stansast, og regjeringa må påleggje selskapa å spare på vatnet i magasina, seier Geir Pollestad, parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet.

– Vi kan ikkje kappe kablane, det er ikkje aktuelt no, men vi kan ikkje halde fram med å tømme magasin i ein situasjon med så låg fyllingsgrad, seier Pollestad til NTB.

Dersom olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) meiner han ikkje har verkemiddel nok til å få kraftselskapa til å avgrense produksjonen, så varslar Pollestad at Senterpartiet vil bidra til lovendringar for å sikre det.

Han viser til at Aasland har oppmoda kraftselskapa til å produsere mindre straum, men at det ikkje ser ut til at selskapa følgjer opp.

Senterpartiets stortingsgruppe har eit veldig klart syn på saka, opplyser Pollestad.

– Vi vurderer situasjonen som så alvorleg at han må bruke endå sterkare verkemiddel, seier han.

Senterpartiet deler regjeringsansvaret med Arbeidarpartiet. På spørsmål om korleis Pollestads parti jobbar med saka i regjering, svarer han:

– Her jobbar alle gode krefter saman.

– På høg tid

SV, som samarbeider med regjeringa om budsjett, støttar kravet om å ta kraftigare grep.

– Det er på høg tid at også eitt av regjeringspartia reagerer. No må olje- og energiministeren på banen og stille krav til kraftselskapa, ikkje berre komme med milde oppmodingar om å spare på vatnet, seier energipolitisk talsperson Lars Haltbrekken.

– SV har fleire gonger foreslått og etterlyst tiltak for å sikre oss nok straum til vinteren. Dessverre har regjeringspartia så langt avvist desse, som å stille krav til høgare magasinfylling. Viss regjeringa ikkje innfører tiltak, kjem vi til å fremje forslag om dette igjen, seier han, men legg til at han meiner regjeringa må ta ansvar sjølv.

Raudt meiner tiltak for å avgrense eksporten må komme alt i sommar.

– Eg trur det berre er regjeringa som ikkje skjønner at tiltak må lanserast no. Folk treng at nokon tek ansvar og skaper tryggleik, seier stortingsrepresentant Seher Aydar.

Ho meiner det blir for seint å vente med tiltak til statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.

– Regjeringa må hugse på at dei er ei mindretalsregjering. Ingen bør akseptere å vente og sjå på tiltak i ein slik situasjon, seier ho.

Ba kraftselskapa avgrense seg

Aasland oppmoda onsdag kraftselskapa om å vere ansvarsmedvitne og opnar for at regjeringa kan gå inn og avgrense straumeksporten.

– Vi har sagt at vi skal snu alle steinar. For den situasjonen som vi har vore igjennom i vinter, og den situasjonen vi er i no, den ønskjer vi ikkje at skal vere normal i Noreg, sa Aasland til NRK.

Statnett har oppjustert farenivået for straumsituasjonen frå grønt til gult nivå, ifølgje VG. Det betyr at sjansane for at straumen må rasjonerast i vinter er mellom 5 og 20 prosent. Men førre veke melde Statnett til NVE at dei førebels ikkje hadde sett konkrete teikn til at eksporten hadde minka.

NVE har bede Statnett greie ut tiltak i tilfelle kraftsituasjonen skulle bli svært krevjande. Det kan bety rasjonering.

– Lokalpolitikarane må gripe inn

– Dette blir veldig vondt og vanskeleg lenge før vi når punktet om rasjonering. Det vil vi unngå, seier Pollestad.

Han rettar også ei oppmoding til lokalpolitikarar over heile landet, sidan det er fylke og kommunar som eig dei fleste energiverka:

− Kommunar og fylkeskommunar som eigarar av kraftselskapa må ta initiativ for at selskapa deira avgrensar produksjonen når fyllingsgrada er så låg som no.

Geir Pollestad seier Senterpartiets stortingsgruppe meiner regjeringa må bruke endå sterkare verkemiddel for å avgrense straumproduksjonen for eksport. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Olje- og energiminister Terje Aasland har opna for å avgrense straumeksporten. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB