Annonse
Annonse
Annonse

September var den varmaste nokosinne

(NPK-NTB-AFP): Dei første ni månadene har slått alle globale varmerekordar, ifølgje amerikanske forskarar. Og aldri har det vore målt ein så varm septembermånad som i år.

Annonse

September var 0,12 grader varmare enn den førre rekorden, som vart sett i fjor, ifølgje National Oceanic Atmospheric Administration (NOAA).

Målingane starta i 1880.

– Årets første ni månader var også rekordvarme, uttalte det statlege byrået onsdag. (©NPK)